Velkommen til Kystskribenten
Seniordans Troms

BØKER

 
 

Levande tradsjonsmat
smaken av Sunnhordland

Her er boka om fargerike menneske som viser korleis tradisjonsmat framleis vert laga lengst sør i Hordaland.

Vi har fått kome heim i kjøkkenet, og gjennom tekst og foto kan du følgje med på korleis maten vert laga, steg for steg. I tillegg får du bli kjent med dei som lagar han. Lokale mattradisjonar handlar mykje om identitet, og denne boka er ei opppmuntring til å halde fram med å lage gode, gamle tradisjonsrettar.

Boka har ingen sterke meiningar om diettar og slankemat. Senk skuldrane og bruk råvarene som finst nær deg - og ta deg god tid til å samle familie og vener over eit godt måltid mat. Vi får møte muntre menn, kvinner og born som lagar mat i kommunane Bømlo, Stord, Fitjar, Austevoll, Etne, Kvinnherad, Tysnes og Sveio.

Heidi Eikremsvik er forfattar og fotograf for boka, på oppdrag frå Sunnhordland Museum og Kapabel forlag. Boka har fått støtte frå Det faglitterære fond og Norsk kulturråd. Lansert 10. november 2011.

ISBN 978-82-8163-036-9   239 s.  Kr. 389,-

6-7 veker etter boksleppet var mest heile opplaget på 3500 bøker gått ut frå forlaget! 

Vi har fått mange, mange positive tilbakemeldingar frå lesarar :) Takk skal de ha!

Om boka:

Tysnesingen.no

Bokmelding, Hardanger Folkeblad

Sunnhordland s. 8 og s. 9

NRK P1, Hordaland formiddagssendinga 16.11.2011

Kvinnheringen s. 10 og 11 og s. 12 og 13

Bladet Tysnes s. 12 og 13

Sunnhordland Museum

Kapabel forlag

Grannar

Fitjarposten

Haugesunds Avis

Marsteinen

Tysnesingen.no

Fitjarposten

Kvinnheringen.no

 

Norske tradisjonsmatbøker:

Levande tradisjonsmat - smaken av Sunnhordland Heidi Eikremsvik, Kapabel forlag, Sunnhordland Museum

Den gode smaken Møre og Romsdal Bondelag, Abrakadabra forlag.

Et - på kjøkkenet i Rogaland Fleire, DNBB AS

Tradisjonsmat fra Nordland Nordland Bygdekvinnelag 

Fjordamat Åse Kongsvik og Kari Støfringsdal, Selja forlag.

Matgleder fra Hordaland Bergenkokkenes mesterlaug, Kom forlag

Matgleder fra Trøndelag Kokkenes mesterlaug, Kom forlag

Matgleder fra Sørlandet Kokkenes mesterlaug, Kom forlag

Tradisjonsmat fra nord Nils Harald Moe

Matgleder i Ryfylke Frode Selvaag, Tor Øyvind Skeiseid, Elin Engelsvoll

Det smaker av tradisjon Siv Randi Kolstad, Sør-Trøndelag bygdekvinnelag, Tun forlag

Tradisjonsmat fra Hedmarken - i Henriette Schønberg Erkens fotspor Karin Vatn, Hedmark Bondelag

Matskikker og årstidene Janne Hvitsand Solstad og Sissel Kvistad Sundby, Yrkeslitteratur

Vårt norske kjøkken  Kjell Innli/Kokkenes mesterlaug

Mat og måltid Henry Notaker, Aschehoug

NB! Denne lista er ikkje komplett

 

Fyrfolk

I boka Fyrfolk møter vi dei siste som jobba på fyra langs kysten vår. Trygve Strømmen (biletet) på Ytterøyane fyr er ein av dei som fortel frå kvardagane på fyret - om draumar, dramatikk, isolasjon og om sorger og gleder.

Heidi Eikremsvik (Lindaas) har skrive boka, som også handlar om det nye livet på fyrstasjonane etter at dei vart avbemanna og automatisert. Det er skrive ein del fyrbøker om dei gamle, stolte kystsymbola våre. No er altså boka her om menneska på fyret. Vi er innom fjorten fyr på Vestlandet. Thomas Bickhardt har vore hovudfotograf. Selja Forlag i Førde er forleggar. Lansert i 2006.

Pris: kr. 198,- (porto 50,-) Bestill boka her: vindrose@online.no


 

 

Arnt Eikremsvik

Arnt Eikremsvik (f.1875 d. 1900) var bror til min oldefar, Karl Eikremsvik.

Trass i at han vart berre 24 år, rekte Arnt Eikremsvik å setje vakre spor etter seg.

Les meir om denne flotte unge mannen her.

Bibliografien om Arnt Eikremsvik, "Det høyrest sus av vengjeslag. Dikt og prosa", vart lansert i 1983, ført i pennen av Terje Aarset og Heidi Eikremsvik (medredaktør). Eige forlag, Egset Trykk, Volda. 

Pris: kr. 105,- (inkl. porto) vindrose@online.no

 

 

 

 


www.norpartner.no 
 

ANSATTEMENYHAPPENINGBILDEGALLERIGJESTEBOKKONTAKT INFOSTARTSIDEN forsideom megfotoreportasjarbokpoesita kontakt